Til hovedinnhold

Rettleiing til gjødselbrukforskrifta

Kor kan du spreie gjødsel

Det er krav til kor gjødsla blir brukt slik at den brukast der den gjer nytte for seg til plantevekst, og der den ikkje kan påverke det biologiske mangfaldet eller vassdraga negativt. 

Godkjend spreieareal

Du kan berre spreie gjødselvarer på fulldyrka og overflatedyrka mark, og på grøntareal . Med grøntareal meiner ein område kor det er eller skal lagast vegetasjonsdekke som ikkje er til produksjon av mat, såvare eller fôr. Gjødselvarer kan også brukast i gartneri og andre anlegg for dyrking av mat-, fôr-, eller prydvekstar. 

Du kan og spreie gjødsel på innmarksbeite, men då må du ha godkjenning frå kommunen. Det er nytt at godkjenning frå kommunen også gjeld mineralgjødsel. 

Arealet må haustast eller beitast

Du kan berre spreie gjødsel på areal som blir hausta eller beita. Med det vil tilførte næringsstoff bidra til avlingar og matproduksjon, og det er mindre fare for at gjødsla renn av til vatn og vassdrag og forureinar. 

I soner mot vassdrag kan du ikkje spreie gjødsel

I naturlege vegetasjonssoner mot vassdrag (bekk, elv, innsjø)   kan du ikkje gjødsle. På dyrka mark må sona vere minst 2 meter brei     målt frå normalvasstanden og breiare om vannressurslova krev det. Om det er eit areal som er nydyrka skal sona til eit vassdrag med årviss vassføring vere 6 meter jf. nydyrkingsforskrifta. 

På innmarksbeite som er godkjent som spreieareal, kan du ikkje spreie gjødsel nærare enn 6 meter frå vassdrag .

Nyttar du breispreiar er det ekstra viktig å passe på at det ikkje kjem gjødsel i vegetasjonssona. 

Godkjenning av innmarksbeite som spreieareal

For husdyrgjødsel gjeld i hovudsak dei same reglane som før – innmarksbeitet må vere godkjent av kommunen for spreiing av gjødsel. For mineralgjødsel blir det nye reglar.
Fram til 1.1.2028 kan du framleis spreie mineralgjødsel på innmarksbeite utan godkjenning dersom du har gjødslingsplan frå 2022 og 2023 som syner at arealet vart tilført mineralgjødsel desse åra. 

Etter 1.1.2028 må du ha løyve frå kommunen til å spreie mineralgjødsel på innmarksbeite, på same måte som for husdyrgjødsel. Det vil seie at dersom du gjødsler eit innmarksbeite med mineralgjødsel i dag, må du søkje kommunen om godkjenning for å halde fram med gjødslinga etter 1.1.2028. Du kan søkje og få løyve til å spreie anten berre mineralgjødsel, eller både mineralgjødsel og husdyrgjødsel. 

Om du allereie har eit innmarksbeite som er godkjent som spreieareal gjeld denne godkjenninga framleis, så lenge arealet er klassifisert som innmarksbeite i AR5. 

Fant du det du lette etter?