Til hovedinnhold

Rettleiing til gjødselbrukforskrifta

Tungmetall og bruk av gjødselvarer

Gjødselvarer av organisk opphav som du kjøper, skal vere merka med opplysningar om tungmetallinnhald. Eit unntak frå dette er gjødselvarer som er merka som EU-gjødselvarer, som ikkje er pålagt  tungmetallmerking.  I tillegg gjeld desse reglane for oske og biokol frå eigen produksjon, og i enkelte tilfelle når du tek inn råvarer til garden for å produsere biorest og kompost. Du kan lese meir om merking og kva gjødselvarer det gjeld i gjødselvareforskrifta.  

Gjødselvarer er delt i fire klassar etter kor mykje tungmetall dei inneheld. 

  • Tungmetallklasse 0 har eit lågt  tungmetallinnhald og kan nyttast alle stadar.
  • Tungmetallklasse I kan nyttast i jordbruket med inntil fire tonn tørrstoff per dekar per ti år. 
  • Tungmetallklasse II kan nyttast i jordbruket med inntil to tonn tørrstoff per dekar per ti år. 
  • EU-gjødselvarer kan nyttast på same måte som gjødselvarer i tungmetallklasse II om dei ikkje er merka med lågare innhald. 
  • Tungmetallklasse III kan ikkje nyttast i jordbruket  med unntak av oske som kan nyttast med inntil 800 kilo per dekar per ti år.  

Vitskapskomiteen for mat og miljø har vurdert tungmetallgrenseverdiane. Sjølv om ein held seg innafor desse grensene er det enkelte tungmetall som kan akkumulere i jord om ein tilfører maksimalt tillaten mengd. 

Unngå oppbygging av tungmetall i jord

Oppbygging av tungmetall i jord over tid kan redusere kvaliteten på matjorda for framtidige generasjonar. Høge verdiar av tungmetall i jorda kan og påverke grunnvatn og vassdrag, og kvaliteten på drikkevassbrønnar. Dersom grenseverdiar for eit tungmetall  vert overskridne i mat og fôr, kan det få store konsekvensar for deg som produsent. Høge nivå av  enkelte tungmetall kan og skade planteveksten. Høge koparnivå  i jord kan gi forgifting av sau på beite.

Dersom det er risiko for at tungmetallnivået på jordet ditt er høgre enn verdiane sette opp i tabellen nedanfor, må du  ta ut jordprøver om du planlegg å  tilføre gjødselvarer i tungmetallklasse I, II eller III. Du kan ikkje nytte gjødselvarer i desse tungmetallklassane om prøveresultat syner høgare verdiar.

  Milligram per kilogram tørrstoff
Kadmium  1
Bly 60
Kvikksølv  1
Nikkel  50
Sink 150
Kopar  50
Krom 100

Kva jord kan ha risiko for å overskride nivåa i tabellen?

  • Jord i område som har eit naturleg høgt tungmetallinnhold 
  • Jord som har blitt tilført store mengder husdyrgjødsel årleg, spesielt grise- eller fjørfegjødsel.
  • Jord som kan vere forureina frå eksterne kjelder

Du kan finne kart på NGU sine nettsider som syner kva område som har naturleg høgt tungmetallinnhald i jorda. Kommunane vil og ofte ha opplysningar om dette.  Område vi veit kan overskride verdiane er mellom anna alunskiferområda i Oslofeltet, til dømes rundt Stange. Her er spesielt kadmium eit problem. I Trøndelag er det fleire område som kan ha høgt innhald av nikkel. 
 

Fant du det du lette etter?