Til hovedinnhold

Rettleiing til gjødselbrukforskrifta

Innhold på siden:

Særskilte reglar ved bruk av avløpsslam

Det er særskilte reglar ved bruk av avløpsslam, for å sørgje for at bruken er trygg for menneske og miljø.

Det er ikkje tillate å bruke uhygienisert avløpsslam. 

Gjødselvarer som inneheld avløpsslam kan berre brukast til nokre få kulturar, og det er restriksjonar på kva du kan dyrke i opptil tre år etterpå. Du må derfor tenkje over planane for vekstskifte før du vel å bruke avløpsslam. Nokre gjødselvarer merka med avløpsslambasert gjødsel eller merka med sterilisert avløpsslam har kortare restriksjonsperiodar, som du kan lese om på varedeklarasjonen. 

Hovudregelen er at det ikkje er tillate å bruke gjødselvarer med avløpsslam på eng, i gartneri eller der det blir dyrka grønsaker, potet, bær eller der det vert hausta frukt før det har gått tre år frå spreiedato. Beiting eller hausting av fôrvekstar kan tidlegast skje vekstsesongen etter at det er brukt gjødselvare med avløpsslam. 

Gjødselvarer med avløpsslam skal moldast ned seinast 18 timer etter spreiing. Avløpsslambasert gjødsel med særskilte bruksvilkår har likevel ikkje krav til nedmolding.
 

Fant du det du lette etter?