Handtering av væske frå veksthus og planterestar
Overskotsvæske frå veksthus og oppsamla planterestar er næringsrikt materiale som kan forureine vassdrag. Difor er det krav om korleis ein skal handtere det.
Krav til handtering av overskotsvæske frå veksthus
Veksthus som blir oppførde eller bygde om, må ha oppsamling av vaskevatn og anna væskeoverskot slik at det ikkje er fare for forureining.
Krav til handtering av oppsamla planterestar
Oppsamla planterestar frå veksthus og grønsaksavlingar må lagrast i trygg avstand til bekk, elv, innsjø eller sjø og dreneringssystem slik at det ikkje er fare for forureining. Du må legge vekt på terreng- og grunnforhold slik at avrenning vert begrensa. Planterestar kan ikkje ligge på flaumutsette areal.
Planterestar kan lagrast inntil 3 år og dei må lagrast slik at dei kan fjernast på ein enkel måte.