Kor mykje gjødsel (fosfor og nitrogen) kan du spreie
Hovudregelen er at du skal tilpasse gjødslinga til det vekstane treng av ulike næringsstoff og innhald av næringsstoff i jorda . Bruk av fosfor og nitrogen er særskild regulert i forskrifta, sjå omtale nedanfor.
Maksimale grenser for spreiing av fosfor per dekar – har du nok spreieareal?
Det tidlegare kravet til spreieareal (dekar per gjødseldyreeining) er no erstatta av ei grense for kor mange kilo fosfor du kan gjødsle med per dekar. I praksis må du framleis sørgje for å ha nok spreieareal å fordele gjødsla på. Dersom du ikkje har nok eige areal til å spreie gjødsla på, må du levere gjødsel til andre gardbrukarar som har ledig areal, eller til andre som tek imot gjødsel for vidare handsaming, td. i biogassanlegg.
På fulldyrka og overflatedyrka jord skal mengd tilført fosfor vere under grensene i tabellen under. Merk at grensene gjeld både fosfor frå mineralgjødsel og organisk gjødsel til saman. Fram til 1.1.2027 kan du gjødsle med 3,5 kg P/daa. Det tilsvarar om lag grensa som gjaldt for husdyrgjødsel tidlegare. Denne grensa gjeld for heile landet.
På innmarksbeite godkjent som spreieareal kan du spreie maksimalt 2 kg P/daa.
1.1.2027—31.12.2029 | 1.1.2030—31.12.2032 | 1.1.2033 -> | |
---|---|---|---|
Rogaland | 3,1 kg P/daa | 3,0 kg P/daa | 2,7 kg P/daa |
Troms og Finnmark | 2,5kg P/daa | ||
Resten av landet | 2,8 kg P/daa | 2,5 kg P/daa | 2,3 kg P/daa |
Lurer du på om du har nok spreieareal etter dei nye grensene? Prøv fosforkalkulatoren vår.
For å finne ut kor mykje fosfor husdyra slepp ut i løpet av eit år, skal anten 1) bruke normtal for ulike dyreslag frå forskrifta eller 2) føre oversikt over fodfor inn til og ut av husdyrhaldet. Du finn normtala i vedlegget til forskrifta. Du kan trekke frå gjødsel som dyra slepp på utmarksbeite og anna beite som ikkje er ein del av spreiearealet. Du kan leggje inn kor mange dyr du har av ulike slag og beitetid i fosforkalkulatoren for å rekne ut kor mykje fosfor du må ha spreieareal for.
Det vil snart komme meir informasjon om korleis du kan føre oversikt over fosfor inn og ut av husdyrhaldet og slik rekne ut kor mykje fosfor du har gjødsla.
Når du skal rekne ut om du har nok spreieareal skal du berre rekne med det arealet som faktisk blir gjødsla. Det er ei viss opning for å spreie meir på deler av arealet enn grenseverdien mot å spreie tilsvarande mindre på anna areal. Å overstige grensa med meir enn 10 prosent er berre lov dersom det er grunngjeve i gjødslingsplanen. Ein grunn kan vere at den aktuelle teigen har låge fosforverdiar. Dersom du har areal med høgre gjødslingsbehov enn grensa for areala under eitt, kan det vere du heller bør rette deg etter krav om fosforbalanse.
Dersom jorda er fosforfattig, kan statsforvaltaren gje løyve til å gjødsle med meir fosfor enn det grenseverdiane seier.
Om du mottek organisk gjødsel utanfrå, og sjølv har liten (under 75 kg P/år) eller ingen husdyrgjødselproduksjon, kan du rekne grensene over som eit gjennomsnitt over ein fireårsperiode.
Grensene for fosfortilførsel gjeld ikkje deg som brukar mindre enn 75 kg P per år.
Alternativ: fosforrekneskap for garden i staden for å følgje fosforgrensene
I staden for å følgje dei faste grensene, kan du frå 1.1.2027 føre rekneskap over fosforstraumane inn og ut frå føretaket. Å føre fosforrekneskap er aktuelt for deg som tek så høge avlingar at du kan tilføre meir fosfor enn det dei generelle grensene gjev rom for, utan at dette aukar fosfortalet i jorda. Når fosforstraumane syner balanse, blir det ikkje gjødsla med meir fosfor enn det som blir tatt ut i avling.
Å føre rekneskap over fosforstraumane krev at du kan vise kor mange kilo fosfor som går inn til og ut av føretaket. Listene under viser nokre døme på kjelder til fosfor:
Inn til føretaket:
- Kraftfôr
- Mineralgjødsel kjøpt inn
- Kjøpte avlsdyr
Ut frå føretaket:
- Slakt
- Mjølk
- Husdyrgjødsel som blir bortskaffa
- Grovfôr som blir selt
Du kan maksimalt gjødsle 3,5 kg P/daa/år, sjølv om du tek ut meir i avling. Statsforvaltaren kan gi løyve til å gjødsle meir dersom du kan dokumentere at det er naudsynt gitt avlinga sitt opptak av fosfor og fosfornivået i jorda.
Det vil bli laga digitale verktøy til hjelp når du skal rekne på desse straumane.
Du må melde til kommunen om du skal føre fosforrekneskap i staden for å følgje dei vanlege grensene. Du må også sende inn analyseresultat frå jordprøver på førehand. Jordprøvene skal ikkje vere eldre enn fire år.
Vekstar som treng mykje fosfor kan gjødslast etter behov
Til potet og grønsaker som krev mykje fosfor, kan du gjødsle meir enn dei generelle grensene. Gjødselmengda må avpassast til det vekstane treng samstundes som det bli teke omsyn til fosforstatus i jorda ut frå jordprøver. Jordprøvene kan ikkje vere eldre enn fire år. Du må gjødsle og drive arealet slik at du avgrensar avrenning. I utsette vassførekomstar kan statsforvaltaren stille krav om avbøtande tiltak.
Du må registrere areal med slike vekstar i offentleg register/melde til kommunen.
Grense for nitrogengjødsling i sårbare område etter nitratdirektivet
I dei områda som er omfatta av nitratdirektivet fordi dei er særleg sårbare kan du spreie maksimalt 17 kg total-nitrogen per dekar per år frå husdyrgjødsel. Det er for å ta vare på og betre tilhøva for livet i innsjøar,, elvar, bekker og sjø.
I dag gjeld dette område med avrenning til Glommavassdraget (medrekna Gudbrandsdalslågen og Vorma), Haldenvassdraget og andre område med avrenning til Oslofjorden mellom svensegrensa og Strømstangen fyr ved Fredrikstad, samt til indre Oslofjord (innanfor Drøbaksterskelen).
Nitrogen frå mineralgjødsel er ikkje omfatta av denne avgrensinga.
For å finne ut kor mykje nitrogen husdyrgjødsla inneheld, bruker du normtala i vedlegg 2 til forskrifta. Som eit alternativ til å bruke normtala kan du føre oversikt over nitrogenstraumane inn til og ut av husdyrhaldet. Du kan gjere fråtrekk for tapet av ammoniakk frå husdyrrom og lager, i tråd med faktorane i vedlegg 2.